...dei prov på Guds kjærleik eg får! (L.Sandell/T. Bjerkrheim)
Overskrifta fortel mykje om kva eg kjenner på for tida.
Sjølv om ikkje alt er like enkelt her i på jorda, så har vi ein Herre som berre har gode tankar om oss (Jer 29,11). Det er fantastisk å ha eit slikt stempel over livet, og det utfordrar til å dele vidare av det gode VI har fått, av Herren!!
I haust har eg auka opp med jobbinga, og er noe mest friskmeld(om mindre sjukmeld:). Det er godt å kjenne seg meir som seg sjølv og å ha litt overskudd. Ei av dei store gledene denne hausten, er at det endelig har kome eit piano i hus. Det er heilt supert, og til glede både for meg og ektemannen. Draumen om ein "musikk-krok" er no ein realitet.
Vinteren og mørketida er ikkje langt unna - snøen har allereie vore her ei veke...(og forsvunne igjen)! Eg har kompensert for mørket ved å hamstre stearinlys for å få det koseleg i leiligheita, og me planlegg oppussing/oppfriskning i 1 etj.
Me fekk gleda av å feire det vakre brudparet: Gunn Marte og Finn Oscar i september.
Glimt frå haustens telttur: 4 grander, bare regn, ny fiskestang og ingen fisk. Fuktig, men varmare i teltet...... men ei overnatting var nok, sjølv for ekte vestlendingar.
"For eg veit kva tankar eg har med dykk, seier Herren, fredstankar og ikkje ulukketankar. Eg vil gje dykk framtid og von."
Guds fred! Marit
1 kommentarer:
Hallo, kjære vakre du!!!
Takk for koselig melding på bloggen min!!!!
Så kjekt med piano!!! Gratulerer!!!
Klem
Legg inn en kommentar