torsdag 30. juni 2011

Sommaren er her og den store reisa er like framom

Helga før pinse hadde me gjester frå Molde, sjølv om været var vått og surt fekk mange gode(og søte) måltid både i heimen og ute. Veldig kjekt med besøk! Pinsehelga fekk me brått nye planer då det planlagte besøket ikkje kunne koma. Men sommarvarmen var komen til nord og me nytta sjansen til telt og sykketur i Sørfjorden. Det vart ekte sommartur med skrubbsår, myggstikk og raude kinn.

Nydeleg utsikt inn Sørfjorden og mot Lyngen.



Flotte fjell, midnattsol og pannekaker på primus... Fantastisk!

Over helga reiser vi sørover for ei 8mnd lang opplevelsesreise. Ååå!! som me gleder oss. Hade-bra-grillfest med over 30 gjester og god stemning vart halden forrige helg. Pakking og vask av leilighet gjenstår før det heile startar for fullt.

Viss du fylgjer med på bloggen kan du sjå kvar turen går:)

1 kommentarer:

Anonym sa...

hallai dåkkar to! for nokken goinger! Takker for nydlige dager på Radøytunet...i heianne kor bra! blitt grådi gla i dere!!!må jo få mail adressn dåkkas....min er sofiebrakst@yahoo.no. snakkes
stor klem fra Maren-Sofie